
Tusen takk for engasjementet ditt for elevane her på Tryggheim!
I desse dagar jobbar me fram mot Tryggheim2030, med nye bygg og uteområde som er tilrettelagt for god og tilpassa opplæring og undervising, fremjar eit godt skulemiljø og skapar trivsel blant dei flotte ungdommane våre.
Har du lyst å gje ungdom ein kvardag prega av læring, vekst og tru?
Då kan du skriva deg opp som fastgivar i Heimkjær. I tillegg til å støtta ungdommane her ved Tryggheim, vil du som Heimkjær få invitasjon til arrangement på Tryggheim, delta i loddtrekningar, motta nyheitsbrev og meir.
Berre klikk deg inn på skjema nedanfor for å skriva deg opp som Heimkjær.
Det er òg mogleg å gje enkeltgåve, anten ved å klikka deg inn på skjemaet nedanfor, eller via nettbank. Ynskjer du å betala direkte inn på konto via nettbank, ta kontakt med vår økonomileiar Eivind Svensen på tlf.: 905 88 461 for å få skulen sitt kontonummer.
Ynskjer du å gje ei gåve øyremerka enkeltprosjekt, kan du gå inn på prosjekta våre nedanfor.
Det er òg mogleg å gje private, rentefrie lån som ein delfinansiering av byggeprosjekta. Klikk deg inn på skjema nedanfor for meir informasjon.