Nytt internat

Etter år med spenning og venting står endeleg det nye internatet klart!

I frå skuleåret 25/26 kan elevar få nyta eit godt isolert, energieffektivt internat med 36 nye dublettrom, vassboren fjernvarme i golvet, solcellepanel på taket og stort vaskerom i kjellaren.

Det som skil dette internatet ut frå dei andre internata på Tryggheim, er romløysinga med store vindauge inn til kjøkken som inviterer ein inn med ei gong ein går gjennom inngangsdøra. Her kan elevane enkelt setja seg ned, ta ein prat og bli betre kjent.

Me håpar du vil vera med å gje di støtte til det nye internatet!

Bygget er teikna av Stav Arkitekter.

Powered by Cornerstone