I august 2005 starta 13 ungdommar i det som skulle bli det første kullet ved Tryggheim ungdomsskule.
No, 20 år etter, har skulen berre auka, og i dag husar skulen 288 ungdomsskuleelevar og 47 tilsette!
Skulen er allereie utstyrt med gode undervisingslokale, og me kjenner at nå er tida for å gje ungdommane eit fint uteområde med rom for prat, leik og utfalding!
Blant anna ynskjer me å få på plass ein stor ballbinge som ungdomsskuleelvane kan få gleda av på dagtid, og som andre barn og unge i nærmiljøet kan nytta på fritida.
I god dialog med elevrådet, har me utarbeida eit forslag til uteområdet, teikna av Aros arkitektar.
Sjå videoen nedanfor for å sjå foreløpige teikningar at uteområdet.
Har du lyst å gje ei gåve til uteområdet til ungdomsskulen, kan du fylla ut skjemaet nedanfor.
Tusen takk for all støtte og forbøn for ungdomsskulen vår!