Solcelle på tak - USK

Tryggheim har rundt 950 tilsette og elevar som nyttar skulen på dagtid, og over 200 bur på skulen. Me ønsker at elevane våre skal ha gode bu- og læringsvilkår. Elevane våre slepp å sitte i klasserommet med jakke og kalde hender, men det går med mykje energi til oppvarming og straum til skule- og internatdrifta.

Med ønske om å gjere skulen litt grønare og billegare å drifte, vil me investere i solcelleanlegg. Første solcelleanlegg er planlagt på taket til Tryggheim ungdomsskule og har over 400 panel. Anlegget har lang levetid og er venta å gje ein årleg produksjon over 140.000 kwh.

Tryggheim ønsker å bidra til det grøne skifte ved meir energieffektive bygg og produksjon av eigen strøm via solceller. Anlegget vil og ha nytteverdi mot yrkesfagelevar på elektrofag og gir eit signal til elevane generelt om å tenke fornybar energi. Investeringa vil vere i tråd med FNS bærekraftsmål 7.

Du kan gje elevane grøn og berekraftig energi ved å gje til solcellepanel til skulen. Det kostar ca 5000 kroner per panel.

Powered by Cornerstone